Eit senter for moglegheiter og utfordringar
All næring etterlet seg eit fotavtrykk, både positivt og negativt. Salmon Eye er eit senter som kastar lys på både moglegheiter og utfordringar med havbruksnæringa. Vi ser ting frå nye perspektiv, oppfordrar til ny tankegang, og reflekterer omkring kva som er naudsynt å gjere i næringa.
Inspirera, informera og forbetra
Dette er målet med alt det vi gjer på Salmon Eye. Om det er visningsturar, konferansar, eller kulinariske opplevingar. La deg inspirera av lydar og lys, film og fortelling, omgjevnader og visjonar.
Visnignsopplevinga er eit styrt opplegg der du får lære meir om utfordringane og moglegheitene i oppdrettsnæringa.
Iris tilbyr ein unik kulinarisk oppleving: Expedition Dining. Ta del i ei reise inn i den kulinariske verda, og opplev kva moglegheiter som finst, om vi berre tør å utforske.