Visningsoppleving

Lær om oppdrettsnæringa gjennom ei interaktiv oppleving på Salmon Eye.

Visningsoppleving

Visninga startar på kaien i Rosendal der du går ombord i ein av dei heilelektriske båtane Malm og Melder, og vert frakta ut til Salmon Eye. Der går ein gjennom ei styrt visningsoppleving. Det vil seie at alle følgjer same opplegg, og ein kan ikkje kike på eigen regi.

Visningsturane går til faste tider og er normalt gjennomført på norsk om ikkje anna er merka på bookingsida.

Salmon Eye er ein flytande installasjon, så det kan forekomme røyrsler i konsktruksjonen under besøket. Ved dårleg vêr kan visninga verte avlyst på kort varsel.

Opplevinga er utforma for unge vaksne og inneheld mykje informasjon som ein må fordøye på kort tid.

For andre tidspunkt og større grupper enn det som er tilgjengeleg på nett, ta kontakt på post@salmoneye.no

Pris: kr 349 / 149 (vaksne/born)

Varigheit: 2 timar

Heilelektrisk båttur

Nyt ein berekraftig båttur i heilelektriske Malm eller Melder. Reisa til og frå senteret tek omlag 15 minutt.

Engasjerande læringsoppleving

Utforsk havbruksnæringa frå ulike perspektiv, og lær meir om mogleheiter og utfordringar i næringa.

Nærleik til produksjonen

Besøk merden på Hågardsneset og få innblikk i kvardagen til røkterane.

Opplev naturen

Opplev den fantastiske naturen på Vestlandet frå eit heilt unikt synspunkt.
Nysgjerrig på noko av dette?

Bli med på visning og sjå sjølve!

Kenneth BruvikJostein BakkeØystein Skaala

Rådgjevarpanel

For å utvikle visningsopplevinga på Salmon Eye vart det sett saman eit rådgjevarpanel med representantar frå forsking, forvaltning, næringa og miljøvern.
Gjennom ei rekkje møter og skriftleg korrespondanse har rådgjevarpanelet hjelpt Salmon Eye med å kvalitetssikra det faglege grunnlaget som vert presentert ved senteret.
Klikk her for å lese slutterklæringa til panelet.

For å fø framtida må vi sjå under overflata

Ofte stilte spørsmål

Nei, det er ingen servering på visningsturen. Ynskjer du å ete på Salmon Eye må du booke bord i restauranten. Det kan ein gjere på www.restaurantiris.no.
Ein kan kun komme til Salmon Eye om ein bestiller visningstur. Senteret er kun tilgjengeleg med båt, og det er ikkje tillate for private båtar å leggje til på Salmon Eye.
Visningsopplevinga er utforma for å passe for alle frå 13 år og oppover. Det er likevel ingen aldersgrense for å vere med. Merk at visningsopplevinga er styrt, og barn må følgje foreldre gjennom heile turen.
Du kan bestille visningstur på www.salmoneye.no/booking.